PFU på ville vegar

 

 - PRIPPEN: Med PFU og leiar Hilde Haugsgjerd er vi på veg mot ei tannlaus, tantete presse, skriv Hilde Sandvik. Foto: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB Scanpix

– PRIPPEN: Med PFU og leiar Hilde Haugsgjerd er vi på veg mot ei tannlaus, tantete presse, skriv Hilde Sandvik. Foto: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB Scanpix

Av HILDE SANDVIK, kultur- og debattredaktør I Bergens Tidende

Pressens Faglige Utval (PFU) er i ferd med å kvele norsk meinings­journalistikk. Og det var vel ikkje meininga med pressas vaktbikkje?

Stavanger Aftenblad vart nyleg felt i PFU med ei grunngjeving som krev omtale. Dersom dommen er retningsgjevande for presseorganas eige styringsverktøy i framtida, vil norsk meiningsjournalistikk få ein alvorleg knekk.

Stridsspørsmålet er ein kronikk. Ein lokalhistorikar som har skrive bok om Randaberg under krigen, fekk svar på tiltale frå inngifte i familien til ein NS-mann. Dei meiner historikaren ikkje har grunnlag for skuldingar han kjem med i boka, og reagerer skarpt.
Tittel på kronikken, trykt i Stavanger Aftenblad 7. januar, var «Sladder, feil og løgner», med følgjande ingress: «Er man moralsk forpliktet til å samarbeide med hvem som helst som sitter inne med sensitive opplysninger om deg og dine, og som akter å offentliggjøre dem?»

Same dag som kronikken er på trykk hadde avisa ein nyhendeartikkel om etikk i sakprosa der forfattaren er blant dei intervjua.
Kronikkforfattaren var Tommy Sørbø. Med få omskrivingar hadde han publisert same kronikken i Aftenposten eitt år tidlegare. I eitt år har altså kritikken mot boka vore kjent, men utan at PFU har fått klage. (Klagen kan lesast i sin heilskap på pfu.no)

Så vel PFU å dømme Stavanger Aftenblad etter paragraf 4.14 om «samtidig imøtegåelse» – og det er her det går så gale. I dommen slår utvalet fast at «imøtegåelsesretten i utgangspunktet er sjangeruavhengig». Det tyder at ein ikkje skil mellom ein kronikk, ein kommentar, ei meiningsytring eller ein nyhendeartikkel.
Det representerer i så fall noko heilt nytt i norsk mediehistorie. Meiningsjournalistikkens markør er at den er subjektiv. Vanleg faktasjekk og redigeringsansvar er sjølvsagt praksis både i kommentar- og debattavdelingar. I tydeleg merkte subjektive sjangrar kan fakta likevel vere subjektivt tolka. Det ligg i sjangerens vesen.

Med den tydelege innskjerpinga PFU no legg opp til, er det i praksis sjefredaktørens ansvar å sjekke fakta og meiningsinnhald i alle debattinnlegg og kommentarar. I tillegg vil ein ikkje kunne publisere sterke meiningsartiklar utan at ein samstundes inviterer inn den kritiserte for å kunne kome med «samtidig imøtegåelse».

Prinsipielt tyder det at fru Olsen, som kritiserer helsevesenet, ikkje kan kome på trykk utan at helsedirektøren får svare – samstundes, ikkje etterpå, som til no har vore alminneleg praksis for tilsvar i debattspaltene.

PFU understrekar at «det bare er sterke beskyldninger av faktisk art» som utløyser retten. Men kven er det som skal avgjere kva det er som er sterke skuldingar? Den som klagar – eller den som blir klaga på?

PFU går seg også vill i resten av dommen. Utvalet «merker seg at avisen – i tråd med presseetikkens krav – laget en redaksjonell artikkel for å gi klager mulighet til å ta til motmæle».

Som det går fram frå Aftenbladets svar, var dét aldri motivasjonen for artikkelen. Som stadig fleire mediehus har oppdaga, ligg det ofte godt nyhendestoff i debattinnlegg og kronikkar, så også i denne. Det har aldri vore presseetisk krav at ein får svare i nyhendeartikkel same dag som ein debattinnlegg står på trykk.

Diverre er ikkje dommen ei enkeltståande hending, men syner ein farleg tendens i PFU. Nyleg vart ein høgst subjektiv kommentar i VG frå Dine Penger-redaktør Tom Staavi kritisert i PFU langs noko av den same kjenslevare aksen. Den gongen var det eit parkeringsselskap som skulle forsvarast mot ei 68 år gammal dame sine uheldige opplevingar med parkeringsvakter.

Med PFU og leiar Hilde Haugsgjerd er vi i augneblinken på veg mot ei tannlaus prippen presse med dei krenkte (og advokatane deira) i førarsetet.
Då har ein fått Pressens Følsomme Utvalg. Særleg fagleg er det ikkje.

PS Det er mogleg at denne artikkelen faktisk er eit brot på Vær Varsom-plakaten, då PFU – ved leiar Hilde Haugsgjerd – ikkje har fått lese den på førehand.

One thought on “PFU på ville vegar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s